— Det starta med at me såg ein minibuss som kjørte på Frettevegen ein gong i veka. Den blei kalla kånebuss på slang før i tida fordi det i stor grad var vaksne damer som tok den til sentrum for å handle. Me tenkte at me kunne lage noko ut av det, og slik blei det årlege konseptet kånebuss til, forklarar Gunnvor Frette.
Stor stas
Det er ein blid gjeng på 13 som kjem ut av bussen ved Etne senter klokka ti torsdag formiddag. Gunnvor har som sine to søsken Jorunn Frette og Eli Sævareid, og dei eldste av barnebarngenerasjonen, vore med kvart år.