Johannes Silde (t.v) og Egil Kambo håpar at det skal la seg gjere å ta ut skogen på Kambe på skånsamt vis. Men førebels seier kommunen nei.
Topplassering for svinebonde
Han har drive med avlsbesetning av gris sidan 2004 og har jobba seg jamt og trutt oppover på lista over dei beste avlsbesetningane i landet. Sist veke gjekk Johannes Silde heilt til topps og sikra seg både ein første og andre plass.
Kvart år blir det arrangert avlsbesetningsmøte i regi av Norsvin for alle avlsprodusentane i Noreg. Her blir dei beste avlsbesetningane kåra og tildelt prisar for beste foredlingsbesetning og beste formeringsbesetning. Denne gongen forsynte grisebonde Johannes Silde frå Etne seg godt frå premiebordet og sikra seg første plass i kategorien beste formeringsbesetning og ein flott andre plass for sin foredlingsbesetning.
— Det var stas å vinna, men å koma på andre plass som foredlingsbesetning var gjævast, seier den glade prisvinnaren som byta ut fjorårets sølv med gull i klassen for beste formeringsbesetning.
Med 74,8 poeng slo han fjorårets vinnar med vel 2 poeng og sikra seg ein flott pokal som skal pryda kontoret i grisefjøset.