Rullestadtunnelen på E134.
FOTO: GOOGLE STREET VIEW
Tok u-sving etter lasermåling
Midt i påskeutfarten føretok ein sjåfør ein u-sving på E134 på Rullestad for å sleppe unna ei fartsbot. Manøveren kosta han førarkortet, og ei større bot enn den han ville fått om han hadde halde hovudet kaldt.
Det var på ettermiddagen onsdag før Skjærtorsdag i år at austlendingen i slutten av 50-åra kom køyrande i ein varebil på veg vestover på E134, samen med sin mindreårige son som sov ved sida av han. Det gjekk nokså kvast, og i Rullestadtunnelen sto politiet med sin lasermålar.
Politiet målte farten til 100 kilometer i timen i 80-sona. Sjåføren skjønte at han ville bli stansa, og før han kom fram til politiet sin kontrollpost, føretok han ein difor u-sving rett utanfor tunnelopninga. Då kryssa han doble sperrelinjer.
Frå vondt til verre