Tok eit tak for miljøet
I ei veka har bygdefolk i Imsland tråla vegar og strender på leit etter søppel. Fredag ved det elevar ved Imsland skule sin tur til å jakta søppel i området rundt skulen.
To klassetimar fredag morgon gjekk med til søppeljakt for elevane ved Imsland skule. Alle dei 21 elevane ved skulen deltok i søppelduganden og etter at skuleområdet, byggefeltet og begge sider av Ølmedalsvatnet var reinska for søppel var det tid for å sjekka fangsten.
— Me har funne lite søppel. Det er ikkje så mange som kastar søppel nå. Me plukka for to år sidan og då var det meir, seier 11 år gamle Brechtsje Blom og viser fram ein halvfull sekk med diverse innhald.
Ho er svært glad for at folk kastar mindre søppel nå enn tidlegare, men er litt overraska over årets fangst.