Tok 20 med til Trondheim
I fjor hadde han med seg ei gruppe frå Suldal. Sidan sist har Nils Erik Eide flytta heim, og fått jobben som oppvekstsjef i Vindafjord. Denne gongen kom han til Trondheim med eit følgje på tjue personar.
— Vi er i innspurten med ein IT-plan som skal opp til politisk handsaming i løpet av hausten. Det er eit særs viktig arbeid, og då tykkjer eg det er rett og rimeleg at vi tek med oss rektorane våre, ikt-rettleiarar og representantar frå både oppvekstsadministrasjonen og kommunen si IT-avdeling, seier ein engasjert Eide.
Nyleg var gjengen samla til påfyll og kveik på NTNU. I sjølvaste Realfagbygget på Gløshaugen. Kvart år i mai vert det arrangert ein nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring, forkorta NKUL. Konferansen er i særklasse den største i landet, og samla denne gongen nærare 1.500 deltakarar.
— Eg var med første gong i 2016. Den gongen som oppvekstsjef i Suldal, og reiste til Trondheim saman med ein rektor frå Sand. Det vart ei aldri så lita openbaring for meg, så i fjor tok eg med meg ein stor delegasjon frå Suldal. Det var heilt naturleg å gjere det same når eg no er på plass i Vindafjord kommune.