Saman med partileiar Sylvi Listhaug er han no klar til å leggje fram Framstegspartiets fulle kravliste i stortingsforhandlingane om regjeringsforslaget til Nasjonal transportplan for 2022 til 2033.
Planen har ei ramme på 1.200 milliardar kroner. Den vil Framstegspartiet no auke med ein tredel til 1.600 milliardar kroner.
Ifølgje Hoksrud har samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) trekt i pengebremsen. Det skal Frp sørgje for å reversere.
— Framstegspartiet tek det handbrekket heilt ned igjen, og så gønnar vi på!
Krev bompengeslutt
Eit hovudkrav er slutt på bompengar. Heile 123 milliardar kroner skal plussast på for å sikre dette.
Gjeld i eksisterande bompengefinansierte vegprosjekt skal betalast ned, og nye prosjekt skal gjennomførast utan at det blir kravd bompengar.
— Vi har allereie foreslått i Stortinget å ta pengar frå infrastrukturfondet og rett og slett betale ned bomprosjekt, seier Listhaug.
Ifølgje Hoksrud handlar det om folks fridom.
— Vi er opptekne av at folk skal kunne flytte seg rundt utan at dei skal betale skjorta for det. Derfor er vi veldig kritiske til bompengar, for dei går faktisk rett ut av lommeboka til folk.
Ønskjer høgfartsruter
Alt i alt vil Frp auke veginvesteringane med 320 milliardar kroner utover regjeringsforslaget. Det inkluderer summen som skal gå til avvikling av bompengeordninga.
I tillegg skal det setjast av 60 milliardar kroner ekstra til jernbaneinvesteringar og ein godspakke, og løyvingane skal aukast betydeleg til vedlikehald av vegar og jernbane og til rassikring.
Hoksrud trekker fram tre prosjekt som spesielt viktige:
* Riksveg 4: Her kjempar Frp for firefelts motorveg.
* E134 og E6: Frp går inn for gjennomgåande høgfartsruter mellom aust og vest og nord og sør.
* Ringveg aust: Frp vil sikre midlar til å føre E39 utanom Bergen sentrum.
Men Frp foreslår òg kutt i forslaget frå regjeringa og vil mellom anna ha byvekstavtalane vekk. Dette kan ifølgje Frp gi meir enn 30 milliardar kroner i innsparingar.
Opnar for auka oljepengebruk
Finansiering til dei auka veginvesteringane vil Frp sikre gjennom kraftige kutt i budsjettpostar som innvandring og integrering, bistand og klima.
Men Frp er òg førebudd på å hente pengar ut av Oljefondet.
— Absolutt. Vi har alltid vore for å bruke pengar på å byggje landet òg, i staden for berre å sylte alt ned i aksjar, handlegater og alt mogleg, seier Listhaug til NTB.
— Men vi skal ikkje berre ta nye oljekroner. Vi ønskjer òg å prioritere budsjettkronene annleis, seier ho.
Forhandlingane i Stortinget skal etter planen avsluttast innan 7. juni.