Ny smitte i Etne kommune
Ny smitte i Etne kommune

To koronasmitta i Etne

Publisert Sist oppdatert
Etne kommune melder fredag ettermdidag om to nye tilfelle av covid-19 smitta i løpet av den siste veka. Alle nærkontaktar har fått beskjed, opplyser kommunen.Den eine av dei smitta har ukjent smitteveg, men det er grunn til å tru at vedkommande er smitta i kommunen. Folk blir oppmoda til å halda seg heime om ein får symptom, og ha låg terskel for å testa seg om symptom skulle oppstå. Dette for å førebyggja eit smitteutbrot.Det er ikkje opplyst aldersgruppe på dei smitta.Om ein har symptom, ber kommunen deg om å ta kontakt med teststasjonen på måndag, på telefon 53656034. Time for koronatest må bestillast på førehand.

Framleis er det viktig å minna om å vaska hender, halda avstand, hald deg heime om du er sjuk, og bruk smittestopp-appen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS