For femti år sidan, 1. april 1971, tok vegvesenet i bruk eit nytt system i samband med registreringa. Det avløyste ei ordning frå 1914, der kvart fylke, eller amt, som det heitte den gongen, fekk tildelt ein bestemt bokstav som skulle stå først i registreringsnummeret, og fungera som geografisk identifikasjon. Ein talkombinasjon følgde etterpå. Den kunne i enkelte fylke, m.a. Rogaland, innehalda inntil seks siffer.
Stavanger amt, det vil seia Rogaland fylke frå 1918, skulle ha bokstaven L. Søndre Bergenhus, som vart Hordaland etter 1918, fekk R som bokstav.
Registreringssystemet frå 1971 baserer seg på at nummeret skal følgja bilen frå førstegongsregistrering til til endeleg avskilting. Ein bil får ikkje nytt kjennemerke ved eigarskifte eller endring av adressa.