Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Tine vil unngå at det blir mangel på økomjølk
Tine varslar prisauke på økomjølk for å rekruttere nye bønder til å legge om til økologisk drift. Det skjer etter fleire åtvaringar i sommar frå bønder som vurderer å slutte med økomjølk.
Styret i Tine har vedteke å auke meirprisen som bønder får for økologisk mjølk frå 75 til 85 øre per liter utover vanleg pris. Prisauken vil skje med verknad frå 1. juli neste år.
Tine seier dei aukar prisen for å unngå å få mangel på økomjølk.
– Det handlar rett og slett om å unngå manko på økomjølk. Viss det ikkje er attraktivt nok å produsere økologisk, så kunne det enda med at fleire sa opp avtalen og la om til konvensjonell produksjon. Då kunne vi hamna i manko og det ønsker vi å unngå, seier direktør i Tine Råvare, Eivind Kjuus, til Nationen.
Kjuus seier Tine ønskjer seg fleire økologiske mjølkebønder og større tilgang på økomjølk. Kor mange og kor mykje vil han ikkje å konkretisere.
Produksjonen av økologisk mjølk er ifølgje Kjuus på rundt 50 millionar liter, litt over tre prosent av totalproduksjonen, fordelt på rundt 250 bønder i dag.
(@NPK)