Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Marton Hustoft er tildelt kultur- og frivilligprisen i Etne. Arkivfoto
Marton Hustoft er tildelt kultur- og frivilligprisen i Etne. Arkivfoto

Tildelt kultur- og frivilligprisen

Publisert Sist oppdatert

Det er Etne kommune sitt driftsutval som avgjer kven som skal tildelast kultur- og frivilligprisen, og den 9. februar avgjorde utvalet at prisen denne gong skal gå til Marton Hustoft. I statuttane for tildeling står det at prisen skal utdelast til ein person som har gjort ein aktiv innsats for å styrka kulturlivet, eller frivillig arbeid innan kommunen, eller som har bidrege til å gjera kommunen kjent utover landet på det kulturelle plan. Her meiner utvalet at Hustoft har gjort ein grundig innsats og fortener prisen.

Eldsjel

I grunngjevinga frå forslagsstillaren står det at Marton Hustoft fortener å bli sett pris på. Han har i mange år vore aktiv i mange lag og organisasjonar. Han var med i Røde Kors frå 1978, han har vore aktiv i Lions som blei stifta i 1995, kor han framleis sit som styresmedlem. Frå 2004 har han vore hyttevakt på Storvass for Haugesund Turistforening (HT), samtidig som han i fleire år har vore leiar i vardegruppa i Etne Turlag som ligg under HT. I alle år har han også vore leiar for Etne Turlag, og favoritturen er den årlege turen som går frå Etne til Sauda. Han er ein mann som er lett å be, alltid positiv og klar til å hjelpa andre og lokalsamfunnet.»

Powered by Labrador CMS