Økonomisjef Vegard Bang i Vindafjord kommune, informerte om stå til kommuneøkonomien. ARKIVFOTO: JON EDVARDSEN
Økonomisjef Vegard Bang i Vindafjord kommune presenterte kommunen sitt årsresultat.

Tilbakehalden trass overskot

Økonomisjef Vegard Bang presenterte Vindafjord kommune sitt årsresultat for 2023 under kommunestyremøtet sist tysdag. Trass eit driftsresultat på 47 millionar kroner ser ikkje Bang fjoråret som noko økonomisk superår.

Publisert Sist oppdatert

— Resultatet gir oss eigentleg ikkje noko meir handlingsrom, sa økonomisjef Vegard Bang i Vindafjord kommune.

Dette til tross for at han summerer årsresultatet som eit tilsynelatande godt resultat. Nettordriftsresultatet på 47 millionar utgjer 4,8- og 4,9 prosent, godt over kommunen sin målsetnad over tid og den generelle kommunenorma på 1,75 prosent.

Bang fortalde at brutto driftsinntekter ser ut til å hamne på 962 millionar, og at om ein legg til utbytte og renteinntekter så har kommunen runda ein milliard i inntekter i 2023. Dette omtala han som ein liten milepåle.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS