Til topps i begge klassar
Tysdag vart det for første gong arrangert distriktsmeisterskap i sjakk for elevar i femte og niande klassetrinn i Vindafjord. Meisterskapet blei arrangert av Rogaland sjakkutval i samarbeid med Vindafjord bibliotek, og samla 68 sjakkinteresserte unge elevar frå Vikedal, Vågen og Skjold skule til sjakkturnering på Sjøperlo i Ølen.
— Det er gøy
I løpet av dagen spelte kvar elev fem rundar på ein halvtime og når siste trekk var tatt vanka det pokal og andre småpremiar til vinnarklassen. For 11 år gamle Ida Fosen og klassekameratane ved Vikedal skule blei det ein minnerik dag då både 5. og 9. klasse ved skulen kunne dra heim med pokal under armen.