Inger Constanse Eidhammer Lunde (t.h.) deltek i junior-NM i friidrett i helga. Her saman med klubbvenninna Jorunn Elisabeth Nagell Bakkevig Bjordal. Ho sprang også 100-meter-heat fredag, men kvalifiserte ikkje til finalen.
FOTO: PRIVAT
Til NM-finale med eit naudskrik
Etne-kvinna Inger Constanse Eidhammer Lunde spring denne helga 100-meter, 200-meter og stafett i U20-klassa under junior-NM i friidrett i Kristiansand. 100-meteren fredag starta med tre heat kor dei to beste i kvart heat gjekk til finale.
18-åringen sprang i første heat, kor ho vart nummer 3 med tida 13,04 sekunder. Eit godt stykke bak hennar personlege rekord som er 12,45. Det er ei tid som ville vore god nok for gå rett til finale, men som samtidig kunne vore vanskeleg å oppnå med 2,1 sekundmeter motvind.
Og så starta dramtikken. For det skulle vise seg at 13,04 også vart tida på dei som tok tredjeplass også i begge dei neste heata. Med berre to ledige plassar til lucky looser» måtte arrangøren telje tusendelar. Og då vart Eidhammer Lunde saman med Maria Svendsen Skår frå Fyllingen dømt foran Kornelia Roppen frå Dimna IL.