Tid for sommarmarknad på Romsa
Marknaden gir eit innblikk i ei tid utan digitale medium og moderne teknologi, med aktivitetar som lykkehjul, lykketamp, hestesko-kasting og bogeskyting på agendaen. Det er også eit heilt unikt tre som blomstrar denne dagen, nemleg slikkepinntreet.
Ante Andersen er med på å arrangera marknaden, og har i desse dagar allereie tatt plass på øya. Saman med ein gjeng på ti personar, har dei blitt eit eige folkeslag på Romsa, fortel han til Grannar.
– Romsianarane er i full gang med dugnad og kos. Me malar, klypper gras og bøar, og steller i stand til marknad, fortel han, og legg til: