Birgitte Håland, Elisabet Håland og Reidun Børve ser positivt på å testa ut langvakter.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Birgitte Håland, Elisabet Håland og Reidun Børve ser positivt på å testa ut langvakter.
Julie Opheim får god hjelp av Reidun Børve ved sjukeheimen i Etne.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Julie Opheim får god hjelp av Reidun Børve ved sjukeheimen i Etne.
Einingsleiar pleie og omsorg i Etne, Eva Jemli.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Einingsleiar pleie og omsorg i Etne, Eva Jemli.

Testar ut langvakter

Ved omsorgssentera i Etne og Vindafjord får dei tilsette koma med ønskje om korleis vaktplanen skal sjå ut. Og dei fleste som ønskjer å prøva ordninga med langvakter, får det.

Publisert Sist oppdatert

Ved sjukeheimen i Etne blei det innført såkalla årsturnus for eit par år sidan, der alle tilsette får koma med innspel om korleis dei ønskjer å jobba det komande året, mellom anna med tanke på ferie, helgearbeid og heilagdagar. Ein kan også velja om ein vil gå vanlege vakter med dagtid og kveldsvakter, eller ein kan setja seg opp på langvakter med 14 timars arbeidsøkt og lengre friperiodar mellom vaktene.

Ordninga med langvakter starta ved Etne sjukeheim i byrjinga av desember og så langt har noko under halvparten av dei tilsette nytta seg av tilbodet.

— Ein har nettopp starta med langvakter så ein har ikkje fått evaluert det ennå, men ein er veldig positiv til å prøva det, seier sjukepleiar og tillitsvalt i NSF Reidun Børve og får støtte frå tillitsvalt Elisabet Håland og verneombod Birgitte Håland.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS