Magne Christiansen vaks opp på bakeriet, men blei heller banksjef enn bakar.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Temu-eksplosjon skapar bekymring
— Me ser at det har vore ein heilt vanvittig auke i handel frå Temu det siste året, seier banksjef Magne Christiansen ved SpareBank 1 Sør-Norge sitt kontor i Ølen i ei pressemelding.
Temu er ein nettbutikk som blir driven av det kinesiske e-handelsselskapet PDD Holdings. Nettbutikken er ein plattform der produsentar kan selje produkta sine direkte til forbrukar, utan mellomledd.
– Føler seg lurte
Så langt i 2024 viser tala at folk handlar 18 gonger meir på Temu i år samanlikna med 2023. Det er flest i aldersgruppa 30–39 år som handlar der, medan det er færrast transaksjonar blant dei over 60 år.
Kundar som handlar på Temu brukar i snitt 393 kroner per handel og har kjøpt varer for over 2.200 kroner så langt i 2024. Kvinner handlar mest der og står for to tredjedelar av Temu-forbruket.
— Temu sel billige varer av varierande kvalitet. Me har vore i dialog med fleire kundar som oppgir at varene dei får, ikkje er som beskrive, og som føler seg lurte, fortel Christiansen.
Tala er frå oktober 2024. Datagrunnlaget består av debetkorttransaksjonar frå nettbutikken Temu frå over 70.000 kundar.