Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Telefonstolpar og -leidningar blir sett opp på Sunndalsøra ein gong på 1950-talet. No skal stolpar over heile landet fjernast. Arkivfoto: Sverre A. Børretzen / AKTUELL / NTB / NPK
Telefonstolpar og -leidningar blir sett opp på Sunndalsøra ein gong på 1950-talet. No skal stolpar over heile landet fjernast.

Telefonstolpane skal bort

NPK: Det går telefonlinjer på kryss og tvers i alle kommunar i Noreg. Og talet på telefonstolpar er rundt 1,3 millionar. No skal dei bort fordi fastnettet skal koplast ut.

Ein halv million telefonstolpar skal fjernast etter 2025, fortel NRK.

— Det er ein gedigen jobb. Det er 143 tusen kilometer med kablar. Hadde vi lagt dei rundt jorda hadde dei gått tre gonger rundt, seier Arne Quist Christensen, moderniseringsdirektør i Telenor, til kanalen.

Jobben med å fjerne stolpane kjem til å koste minst 2 milliardar. Rekninga tar Telenor.

— Det har vi tatt høgde for. Vi visste at det kom ein dag der dette skulle bort, seier Christensen.

Powered by Labrador CMS