Vikedal legekontor.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Telefonen ved to legekontor er nede
Telefonen ved Vikedal og Ølen legekontor er nede. Det opplyser Vindafjord kommune på nettsida si måndag.
— Feilen er meldt og blir arbeidd med. Kontakt legekontoret via PasientSky inntil vidare. Ved akutt behov – ring 113, skriv kommunen.
EG Pasientsky er eit nettbasert journalsystem som samlar pasientdialog, booking og betaling på éin stad.