Ingrid Marie Dale og Mona Lill Hundseid spelar misjonskvinner som skipa til basar.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Teaterlaget skuffa ikkje
Fornøyeleg kabaret med snerten vri i Sandeid.
Med det lokale handelslaget som kuliss serverte ungdomslaget i Sandeid ei snerten blanding av kabaret og revy basert på tekstmaterialet til den folkekjære artisten Bjørn Eidsvåg då dei inviterte til premiere laurdag kveld.
Teaterlaget i Sandeid ha valt ei ny vri denne gong. Ein slags revy kabaret der songen står sentralt, men der også skjemt og alvor har sin plass slik den brukar å ha når teaterensemblet trør til med teaterkveld for bygdefolket. Og heller ikkje denne gongen skuffar teaterlaget sitt publikum. Den halvannan times lange førestillinga basert på saudaartisten sine tekstar kallar fram både latter og alvor når dagleglivet på coopen i Sandeid blir skildra gjennom Eidsvåg sine tekstar, eller omvendt. Spenstig er det uansett. Her får me møta mannen i bygda som gjer så godt han kan, misjonskvinnene som held basar til inntekt for negerbarn i Afrika og om friaren som ber på sine kne for å vinna kassadama sitt hjarta. Alle framstilt med glimt i auga. Kjente songar, men og ein del ukjente tekstar er henta fram frå Eidsvåg sin mangeårige produksjon.
— Her er ein del viser som ikkje er så kjente, og me har plukka ut songar som passar saman med dei ulike innslaga på scenen. Kulissene er lagt til det lokale kjøpesenteret, nemleg Sandeid Handelslag. Dette er ei førestilling med ein miks mellom revy og kabaret, seier leiaren i teaterlaget og regissør Jostein Apeland som har stått for det meste av tekstmaterialet til årets teatersatsing.