Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Siri Klokkerstuen er leiar i Etne mållag.

Talet på mållagsmedlemer er aukande

Publisert

Nyleg registrerte Noregs Mållag heile 16 426 medlemer. Nå er Mållaget over 2000 fleire mållagsmedlemer enn for fem år sidan, 4000 fleire enn for ti år sidan, og 6000 fleire enn for tjue år sidan, skriv Noregs Mållag i ei pressemelding.

Det lokale mållaget i Etne ser ut til å følgje trenden, og kan melda om både medlemsvekst og aukande aktivitet i laget. For Vindafjord Mållag viser tala ein svak nedgang.

— Me har oppadgåande medlemstal og me er i dag fleire enn me har vore på mange år. Me har jobba for å få medlemstalet opp igjen etter ein periode med kvile og i dag har me 67 medlemer. Me har fått sju nye det siste året. Det er kjempebra, seier leiar i Etne Mållag, Siri Klokkerstuen.

Powered by Labrador CMS