Desse fem kafégjestene var stort sett einige om ting rundt kongehuset og monarkiet. Frå venstre Kirsti Kallestadbakken, Martha Gravelsæter, Agnes Jorunn Opheim, Ingunn Kringlebotten og Solveig Flesland Næs.
Nils Tokheim
Synest synd på kongeparet
Dei siste dagane har hovudsakene i dei nasjonale nyheitene vore avsløringane om kontakten mellom kronprinsesse Mette-Marit og den dømde seksualforbrytaren og no avlidne rikmannen Jeffrey Epstein. Dessutan straffesaka mot son hennar som starta denne veka.
Ferskt i minnet er òg kontroversane rundt Netflix-dokumentaren om prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett, samt utspel fra dei to seinare år som som svært mange nordmenn ikkje kjenner seg att i.
Grannar spurte derfor fem venninner rundt eit kafébord i Etne to spørsmål.