Direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen.Pressefoto
Svak oppgang i arbeidsløysa
For første gong på eit halvt år aukar arbeidsløysa. 16.703 personar er nå registrerte som arbeidssøkjarar i Rogaland. Det er 172 fleire enn i førre veke.
Ferske arbeidsløysetal frå tysdag 17. november viser at det er ein svak oppgang i arbeidsløysa i Rogaland. 9.216 personar heilt utan arbeid. Det er 162 fleire enn i førre veke. Det utgjer 3,6 prosent av arbeidsstyrken i Rogaland. Fylket er dermed 0,2 prosent under landsgjennomsnittet på 3,8 prosent. Over 2.000 av dei som står heilt utan arbeid, er permitterte frå jobben sin, opplyser NAV Rogaland i ei pressemelding.
Vindafjord kommune har stabile tal, med ein liten nedgang i talet på heilt arbeidslause sidan førre veke. 109 personar er registrerte som heilt ledige, tilsvarande 2,3 prosent av dei sysselsette.
— Arbeidsløysa aukar igjen, for fyrste gong sidan april. Dette har ei direkte samanheng med utviklinga i koronapandemien og iverksetting av strengare smitteverntiltak. Fleire mistar eller blir nå permittert frå jobben sin. Det er framleis slik at arbeidsløysa er høgast i aldersgruppa 20-24 år med 5,0 prosent, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland, i pressemeldinga.