Sunniva Stålesen Steine er ei av få heldige som har fått læreplass på borerigg i Nordsjøen. Her trivst ho som einaste jente på sitt team, og draumen er å få fortsetja når læretida er over.
Grethe Hopland Ravn
Yrke og utdanning:
Sunniva (20) er lærling i Nordsjøen
Det er ikkje berre å knipsa med fingrane og hamna
på ein borerigg i Nordsjøen. Sunniva Stålesen Steine veit det godt. Ho er berre
20 år, men har allereie vore lærling offshore i snart halvanna år. I september
er ho ferdig med læretida.
Ho omtalar seg sjølv som heldig som fekk sjansen.
For arbeidsplassen hennar er ikkje kva som helst. Flyteriggen Transocean
Encourage, er eit gigantisk «lite samfunn» ute på havet, med alt frå maskinrom
og boretårn til bustadkvarter, trening og fritidsområde.
— Eg fekk sjokk første gong eg kom ut. Det var
mykje større enn eg trudde på førehand, fortel ho.