Strålande dag over ni toppar: — Det er blitt ein tradisjon no
Alle føresetnader låg til rette for at søndagsturen for enkelte – og eliteløpet for andre – skulle bli ein triveleg dag i fjellet.
– Me har hatt det veldig kjekt på tur, seier kompisane Sander Åsmundsen (13), Vegar Sandvik (13), Marcus Hustoft (12) og Mathias Havn Lothe (12). Dei kom i mål rundt 12.30-tida etter å ha gått Halvtversen frå Dalavik til Vikaneset. Då hadde dei vore i gang sidan 10-tida.
— Me har hatt det veldig kjekt undervegs og snakka om masse kjekke ting. Det er blitt litt av ein tradisjon no. Det er kjekt med det fellesskapet, sa Marcus like etter målgang.