Jostein Grindheim (t.v.), Rune Håheim og Vigleik Gutubø kan fortelja at verken dei, eller resten av mannskapet stiller seg bak lesarinnlegget til Ole Martin Grindheim. Foto: Grethe Hopland Ravn
Jostein Grindheim (t.v.), Rune Håheim og Vigleik Gutubø kan fortelja at verken dei, eller resten av mannskapet stiller seg bak lesarinnlegget til Ole Martin Grindheim.

Brannberedskap

Støttar ikkje innhaldet i kollegaen sitt lesarbrev

Eit samla brannkorps i Etne imøtegår påstandar i eit lesarinnlegg skrive av tidlegare beredskapsleiar Ole Martin Grindheim. Dei seier det var eit soloutspel som ingen av dei står bak.

Publisert Sist oppdatert

Måndag kveld samla brannmannskapet frå Etne stasjon seg på pauserommet i brannstasjonen, og med seg hadde dei brannmannskapet frå Skånevik på Teams.

Bakgrunnen for å møtast på denne måten var lesarinnlegget til Ole Martin Grindheim som blei publisert på grannar.no tidleg på morgonen same dag.

— Eg synest det er heilt horribelt å hengja ut Etne brann- og redning på denne måten. Her blir me kalla for sutrekoppar, og skribenten trør både verneombod, brannsjef, beredskapsleiar, tillitsvalde og mannskap på tærne så det held. Det er skummelt, for kor lenge gidd brannsjef og beredskapssjefseier som går i fulle stillingar og jobbar knallhardt gjennom heile året, å finna seg i slikt? Eg hadde kasta inn handklede for lenge sidan, seier stasjonssjef ved Etne stasjon, Rune Håheim.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS