Færre menneske omkom på ulykker på norske vegar i 2024 enn året før. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Færre menneske omkom på ulykker på norske vegar i 2024 enn året før.

Stort fall i talet på omkomne i trafikken – 23 færre enn i 2023

Talet på omkomne på norske vegar i 2024 svarer til 16 dødsfall per million innbyggjarar. I nabolanda våre Sverige, Danmark og Finland var dei tilsvarande tala høvesvis 20, 24 og 31, viser dei nye tala frå statistikken Trafikkulykker med personskade.

– Trenden er at færre blir drepne i trafikken. Sidan 1970 har talet på dødsfall vorte reduserte med rundt 80 prosent, seier seniorrådgivar Geir Martin Pilskog i SSB i ei pressemelding.

Talet på hardt skadde viste ein svak auke i 2024. I 2024 var det 10 fleire hardt skadde enn i 2023, opp frå 568 i 2023 til 578 i 2024.

Det lågaste talet på hardt skadde vart registrert i 2019, då 565 vart hardt skadde i ei trafikkulykke.

Powered by Labrador CMS