Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

rå nyttår aukar skattar og avgifter meir enn sida 2001. Det får Frp til å reagere. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
rå nyttår aukar skattar og avgifter meir enn sida 2001. Det får Frp til å reagere.

Største skatteauke sidan 2001

NPK-NTB: Neste år vil staten hente inn nesten 9 milliardar kroner meir i skattar og avgifter. Det er meir enn på 20 år – og Frp reagerer kraftig.

Ifølgje budsjettavtalen mellom regjeringspartia og SV vil påkomne skattar og avgifter auke med rundt 8,7 milliardar kroner i 2022.

Stortingsrepresentant Sivert Bjørnstad, som er næringspolitisk talsperson i Frp, har i eit skriftleg spørsmål til finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) spurt om når det sist var ein så kraftig auke.

Tilbake til 2001

Svaret frå Vedum er at ein må tilbake til 2001 for å finne ein like stor auke. Då foreslo Stoltenberg I-regjeringa skatte- og avgiftsaukar på om lag 12 milliardar kroner (tilsvarande rundt 18 milliardar i 2022 ved justering med konsumprisindeksen).

Vedum understrekar i svaret sitt at åtte av ti får lågare eller uendra skatt samanlikna med ei vidareføring av dagens skattereglar, medan dei som får skatteskjerpingar, i gjennomsnitt har ei bruttoinntekt på 1,1 millionar kroner.

Statssekretær Lars Vangen (Sp) i Finansdepartementet seier til NTB at det er skatteskjerpingane som tek det aller meste av auken på 8,7 milliardar kroner. Når det gjeld det samla avgiftsnivået, er det så godt som uendra, påpeikar han.

Samanlikna med 2021 aukar avgiftene med 400 millionar kroner, ifølgje Finansdepartementet.

— Det er den lågaste auken i avgifter som har vore på lenge, seier Vangen.

— Bakrus

Det roar ikkje Bjørnstad.

— Dagens regjering gjekk til val på omtrent same skatte- og avgiftsnivå som før valet. Medan folk flest gler seg over at nyttårsrakettane går til vêrs, sender finansminister Vedum skattenivået til nye høgder. Det kjem til å gi bakrus for mange enkeltpersonar og bedrifter, seier Bjørnstad.

Powered by Labrador CMS