Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) møtte pressa på Statsministerens kontor i Oslo. Foto: Terje Pedersen / NTB/ NPK
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) møtte pressa på Statsministerens kontor i Oslo.

Støre: – Eg meiner det er best at Sp held fram i regjering

Publisert Sist oppdatert
– Eg meiner det er best at Senterpartiet held fram i regjering, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Men han seier ingenting om korleis dette skal skje.

Fredag ettermiddag møtte han pressa for å svare på spørsmål om saka for første gong.

I striden om innføringa av tre direktiv frå EUs såkalla Rein energi-pakke står dei to partia stegla mot kvarandre. Støre ville ikkje gi nokon peikepinn om korleis han og Ap vil komme Sp i møte for å forhindre ei regjeringskrise over denne saka.

– No skal vi setje oss ned og jobbe med dette. Eg vil ikkje gå noko meir inn på det no. Vi har løyst vanskelege saker før, vi kjenner kvarandre godt, vi har respekt for kvarandre, og det skal vi også ha i denne saka, var alt han ville seie om vegen vidare.

Før han kom med ei lang rekke argument for å innføre direktiva, understreka Støre at han ønskjer ei vedhaldande raudgrøn regjering.

– Sjølv om denne saka har fått store overskrifter, jobbar vi med å finne ei løysing. Eg meiner det er best om Sp held fram i regjering, sa Støre til pressa.

– Lang tid

Han vedgjekk at nokon meiner saka har teke svært lang tid å avgjere.

– Denne regjeringa har for vane å jobbe grundig med saker og finn løysingar. Når det er vanskeleg, bruker vi ekstra tid. Nokon meiner vi har brukt veldig lang tid, sa statsministeren.

Spørsmålet om ein ny energipakke frå EU, den såkalla Ren energi-pakken, har som kjent skapt splitting i regjeringa dei siste dagane. Arbeidarpartiet står fast på at tre direktiv må takast inn i norsk lov, medan Senterpartiet seier nei.

Saka kan potensielt velte heile regjeringa.

– Varsla handelskonflikt

Støre samanfatta i tre punkt det som er viktigast for han og Arbeidarpartiet:

– For det første er vi i ei uroleg tid med ein førehandsvarsla handelskonflikt mellom USA og Europa. Då må vi ta alle forholdsreglar, sa han.

Støre presiserte at det handlar om å jobbe mot USA, saman med nordiske kollegaer og resten av Europa.

– For det andre vil det få negative konsekvensar for norsk næringsliv dersom vi ventar lenger.

– Eg har til hensikt å ta ansvar

Det tredje hovudpunktet er ifølgje Støre at vi er i ein krevjande tryggingspolitisk situasjon som kan bli uroleg.

– Derfor må vi ta godt vare på EØS-avtalen. Det er mitt ansvar, og eg har til hensikt å ta det ansvaret verkeleg på alvor, avslutta han.

Statsministeren understreka også at ingen av dei tre aktuelle direktiva handlar om straum eller straumprisar. Han avviser også at det handlar om å dele styresmakt, eller at å seie ja til desse tre betyr at ein seinare tek heile pakken.

– Det er heilt feil. Det er ikkje slik at du tek ein pakke, du tek individuelle avgjerder.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS