Stordugnad på tennisbanen
Den nye tennisbanen like ved Skakke i Etne er i ferd med å ta form. Området er planert, fundamentet for ringmuren er lagt og forskalingskassane langs halvparten av ringmuren er komen på plass. Den kvadratiske banen har eit mål på 37 x 37 meter og skal etter at ringmuren er ferdigstøypt fyllast med drenerande massar og eit drenerande asfaltlag. Eit topplag av ein spesiell type kunstgras skal leggjast på til slutt og eit tre meter høgt gjerde skal hindra at tennisballane forsvinn ut i lause lufta.
Den arbeidsvillige dugnadsgjengen starta arbeidet med ringmuren i mars, og med god rettleiing av tidlegare entreprenør Gerhard Boland, som også har lånt ut forskalingskassane til prosjektet, er dei neste i mål med første halvdel.
— Me skal binda jern, forskala og støypa på dugnad, seier Einar Mæland og Gerhard Boland som stiller til dugnad fire timar kvar onsdag saman med resten av den godt vaksne dugnadsgjengen.