Stor stas med sesongstart
— Eg har gleda meg lenge til at bassenget skulle opne, seier Selma Svendsen Nedreskår.
Barna var i klart fleirtal blant dei som bada på sesongstarten. Inez Eikemo Knudsen synest det er kjekt å få høve til å vere med venner i vatnet. Ho var mykje i bassenget i fjor, og har tenkt å gjere det same i år.
Stiftinga Sjøkanten Trivsel selde over 800 sesongkort i 2024 før sesongslutt i oktober.