Stor klassisk konsert i Skjold kyrkje
Anna kvart år held Tysvær Blandakor ein større konsert. I år legger koret lista høgare og slår til med tre kyrkjekonsertar. Dei greidde å halda konsert i Sveio kyrkje 8.mars, før koronaen kom og dei to påfølgjande måtte avlysast. Nå vil koret prøva seg igjen og annonserer konsert i Skjold kyrkje 18. oktober. Dette blir ein klassisk konsert med stort spenn i repertoaret.
— Me syng korsatsar av Georg Fr. Händel, og musikk av kjente komponister som Joseph Haydn, Anton Bruckner, Gabriel Faurè og Edvard Grieg. Konserten byr også på meir moderne komponistar, som Knut Nystedt og Andrew Lloyd Webber. Me er så heldige og får med oss ein dyktig tenorsolist: Jostein Myklebust. Han er til dagleg musikk-lærer ved Skeisvang vgs, pianist: Stein Ivar Fossum – også han tilsett på Skeisvang, fortel Inger. L. Sørensen på vegner av koret.
Cellisten Jarle Kristoffersen jobbar i musikk-skolen på Stord. Med er også eit gjestekor: Kvederane, frå Haugesund.