Svein Bjelland og Sofie Olava Meland er svært skuffa over Etne kommune si organiseringa av møtet på Skånevik Fjordhotell.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Stor frustrasjon etter ope møte
Sist torsdag ettermiddag inviterte Etne kommune til ope møte på Skånevik Fjordhotell der informasjon om tenestene i kommunen stod på agendaen. Leiinga i Etne kommune ved kommunedirektør og kommunalsjefar for sektorane var til stades, og etter at dei var ferdig med sine innlegg var det sett av tid til spørsmål frå salen. Nå reagerer fleire av dei frammøtte på organiseringa av møtet og stiller seg svært kritiske til manglande tid under spørsmålsrunden.
— Dei la opp til eit møte med mykje informasjon om økonomi, skule og helse. Men me reagerte på at møtet berre skulle vara i 45 minutt. Me fekk ikkje tid til å stilla spørsmål. Det er me skuffa over. Bygda er skuffa over opplegget, seier Svein Bjelland og Sofie Olava Meland, som saman med 120 andre sambygdingar hadde tatt turen til hotellet denne kvelden.
På grunn av den knappe tida var det berre tre personar som fekk høve til å koma med spørsmål i plenum før møtet blei avslutta. Det blei opplyst at folk kunne stilla spørsmål ein til ein, etter at møtet var over, men for dei frammøtte var dette lite nyttig.