Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Dei elleve Hywind Tampen-understella er i ferd med å vekse seg store. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Frå Hywind Tampen-prosjektet i 2021.

Stor dag på Dommersnes

Publisert Sist oppdatert

Sidan mai i år har støypen på Dommersnes ved Vikebygd gått døgnkontinuerleg. Det er støypinga av 11 understell til det som skal bli verdas største flytande vindpark, Hywind Tampen, som går føre seg på det kommunale industriområdet rett sør for Vikebygd.

Torsdag nådde det første understellet full høgde på 107 meter. Seinare på dagen inviterte Equinor og Aker Solutions på kake til både eigne og leverandørane sine leiarar saman med pressa til det dei kalla ei milepåle-markering for prosjektet.

— Det er høg aktivitet i Hywind Tampen-prosjektet både i Noreg og i utlandet. Men det er hyggeleg å kunne seie at det er her på Dommersnes det skjer mest, sa Ørjan Rist då han ønskja velkomen til markeringa. Han er Equinor sin prosjektleiar for bygginga av dei 11 understella som no veks seg store i Ålfjorden, godt fundamentert til ei stor lekter som breier seg ut frå det kommunale industriområdet på Dommersnes.

Powered by Labrador CMS