Stor begeistring over ny butikk
Folk strøymde til den nye Spira-butikken midt i Etne sentrum då dørene opna torsdag ettermiddag. Handelen gjekk livlig og lovorda sat laust blant kundane som tydeleg viste at dei sette pris på det nye tilbodet.
— Dette har eg gleda med til lenge. Eg har kikka inn vindauget i ei veke nå, seier Hanne Klokkerstuen og helsar den nye butikken hjarteleg velkomen.
— Det er kjekt at Spira får visa kva dei kan tilby. Dei er veldig flinke og så er det god trening for dei som jobbar her, seier ho.
Hanne og ektemannen Morten var dagens første kundar og i nokre få sekund etter at butikkdørene opna klokka tre torsdag ettermiddag hadde dei lokalet for seg sjølv og kunne ta ein kikk i fred og ro. Men det varte ikkje lenge før dei fekk selskap av andre handlelystne etnebuar, og snart var lokalet fylt med nysgjerrige damer og menn på jakt etter ei julegåve eller to.