une Hetland (V) meiner det prinsipielt er feil å gi Vikedal Roots Music Festival ein kommunal garanti når andre som arbeider med ungdom heile året ikkje blir møtt med den same velviljen. Anne Gro Matre Helgevold (H) fekk fleirtal i formannskapet for at festivalen kan få garanti for to nye år, men frå 2020 er det stopp. Foto: Jon Edvardsen
Rune Hetland (V) er utolmodig og meiner nok er nok med at pengeforbruket er større enn budsjettet år etter år. Han vil stille administrasjonen til ansvar for å følgje budsjett som med kosmetiske endringar er akkurat slik staben ville ha det. Arkivoto: Jon Edvardsen

Stiller rådmannen til ansvar

Vindafjord skal justere drifta med titals millionar, og Rune Hetland (V) meiner administrasjonen i kommunen må gå i seg sjølv og finne løysingar. Han ser ingen grunn til å rokke ved skulane.

Publisert Sist oppdatert

Venstre-politikar Rune Hetland fekk fleirtal i formannskapet for at kommunen ikkje skal bruke ei krone over budsjett resten av året. I tillegg skal rådmannen kome til politikarane med enkeltsaker for tenesteområde som har problem å få budsjettet til å strekkje til.

Korleis det skal fungere fram til rådmann Yngve Folven Bergesen legg fram forslag til sparepakke 4. september, er litt uklart for rådmannen.

Hetland meiner det er på tide at politikarane er meir strenge og sender ballen i retur til administrasjonen med krav om å ikkje bruke meir pengar enn i det budsjettet staben har laga sjølv.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS