Susanne Stampa gjer klar vaflar til besøkande.
Foto: Svein-Erik Larsen
Stiller opp for turgåarar
— Folk oppfører seg bra, og er aldeles i feriestemning. Dei er så pratsame.
Stampa beskriv seg sjølv som ei som ikkje trengjer seg på, men folk berre kjem bort og vil prate, særleg om turgåing. Folk er ivrige på å fortelle om kor dei har vore, kva tilknyting dei har til Olalia, og kvifor dei kjem nå, fortel den frivillige hytteverten.
Olalia ligg idyllisk til med flott utsikt sørover mot Hauganutane. På Olalia er det tre hytter på tunet: fjellstova, sikringshytta og Olabu. Hyttene kan ein nå frå fleire kantar, blant anna frå Rus i Etne, Litledalen, Helgeland/Fjellstøl i Sandeid, eller frå Opheim, kor Grannar starta.