Saloonen-eigar Aslaug Mala har undervegs i pandemien gjort fleire tiltak for å kome smittevernkrava i møte. Men etter innskjerpingane som kom torsdag, vel ho å stengje heilt. I første omgang ut november.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Stengte då gjestar droppa smittevernet
Natt til 13. oktober opphøyrde kravet om skjenkestopp ved midnatt, noko som vart innført som eit av mange tiltak mot spreiing av koronaviruset i Noreg. Saloonen-innehavar Aslaug Mala i Etne var blant mange pub-eigarar som såg fram til denne letta i korona-restriksjonane. Men ved første forsøk med vanleg opningstid gjekk det ikkje slik ho håpa. For sjølv om skjenkestoppen er oppheva, så er det framleis strenge smittevernkrav til korleis servering skal gå føre seg. Mellom anna må gjestane halde seg til eitt bord heile kvelden, og alle må halde éin meter avstand til kvarandre. Det var det mange som ikkje brydde seg om på Saloonen sist laurdag, trass i gjentekne oppmodingar frå vaktene.
— Etter kvart var det så gale at me ikkje hadde noko anna val enn å stengje, fortel Aslaug Mala.
— Ikkje noko anna val