Stenger bassenget i Etne
På grunn av stadige utfordringar knytt til drift og vedlikehald av svømmebassenget på Enge skule i Etne har kommunen nå vedtatt å stengja dørene for godt.
Onsdag blei det bestemt at bassenget i Etne skulle stengja dørene. Vedvarande utfordringar knytt til drift og vedlikehald er årsak til avgjerda. Bygget, som blei oppført på slutten av 1960-talet, har i lengre tid hatt problem med tekniske installasjonar og etter ein inspeksjon sist veke blei den endelege avgerjda tatt. Tida har også sett sine spor på sjølve bygget som treng sårt ei kraftig oppgradering for å etterkoma dagens krav. Men nå er det ingen veg tilbake. Bassenget er stengt og vil ikkje bli opna igjen.
— Det er gått ut på dato. Me hadde inspeksjon sist veke og nå er det passert stadiet for fiksing. Det gjeld i hovudsak reinseanlegg, oppvarming og dei tekniske tinga, seier ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim i Etne kommune og ser ikkje føre seg at det vil bli aktivitet i bygget igjen.
— Skal ein få det opp å gå igjen må det totalrenoverast. Tanken på sikt er at me har ambisjonar om å byggje nytt anlegg. Her må kommunestyret ta ei vurdering kva me ønskjer å gjera, seier ho.