Ei fullsett kyrkje fekk ei stemningsfull stund i den mørke desemberkvelden.
Irene Mæland Haraldsen
Stemningsfull kveld i førjulstida
— Vindafjord
kan vera glad over å ha dette koret. I kveld var dei spesielt flinke, seier
Leiv Haaland etter at årets faste førjulskonsert med vindafjordkoret KORé
Vindafjord er over for denne gong.
Vikedalsbuen stiller som oftast opp når koristane frå Vindafjord
inviterer til konsert, og særs kjekt er det når dei byr på juletonar i
adventsmånaden.
— Eg
går på det meste av konsertar til koret og eg er alltid på konsert før jul. Det
er ein tradisjon og når dei syng, då er det jul, seier han.