Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Illustrasjonsfoto: Strypefjellet

Statnett stansa arbeid på anleggsveg

Publisert

Statnett har stansa alt arbeid på anleggsveg V11, som ligg i fjella over Vatndal i Skånevik, etter at selskapet avdekte to avvik i samband med anleggsarbeidet i prosjektet Blåfalli–Gismarvik. Avvika blei oppdaga under ei synfaring i november i fjor og gjeld både uttak av steinmassar og deponering av overskotsmassar utan løyve.

Det går fram av e-postkorrespondanse mellom Statnett og NVE at Statnett varsla styresmaktene kort tid etter at avvika blei kjende. I e-postane opplyste Statnett at alt arbeid på anleggsvegen blei stansa som følgje av funna, i tråd med vilkåra i detaljplangodkjenninga.

Det eine avviket handlar om uttak av steinmassar frå riggområdet B31a, som ligg i same område som V11 i Skånevik, berre litt nærare fjordspennet over mot Åkra. Området var godkjent som midlertidig riggplass, men ikkje som masseuttak i det omfanget som blei gjennomført. Ifølgje Statnett blei det tatt ut om lag 2.500 kubikkmeter stein frå eit areal på rundt 2.500 kvadratmeter. Steinmassane blei nytta i opparbeidinga av anleggsvegen.

Powered by Labrador CMS