Stas med aktivitetar og kino
Mange born og unge var til stades på Skakke-senteret då Den store kinodagen vart arrangert i år også. Det var mange kjekke aktivitetar å bli med på, men det flest gleda seg til var å sjå førpremiera på Snekker Andersen og Julenissen.
Mange unge tok turen innom Kinodagen på laurdag føremiddag. Dei fleste fortel at det kjekkaste med denne dagen er at det er billig kino, og muligheit for å vere saman med venene sine.
I dag kunne borna få ansiktsmaling, kjøpe graut og popkorn, spele brettspel og i tillegg skrive ei ynskjeliste til Julenissen som dei kunne poste i ein raud postkasse.
Kinosjef Ingvild Slåke fortel at høgdepunktet for mange med denne dagen er filmen Snekker Andersen og Julenissen. Det er fordi dei fekk lov til å ha førpremiere på denne. Slåke fortel at dei har solgt mange billettar på forhåndssalg til denne filmen.