Saman med svenske Infobric etablerer Omega selskapet HMSREG AS for ein berekraftig byggebransje. F.v: Arne Jon Myskja, dagleg leiar i HMSREG AS, og Svein Tore Haraldseid, dagleg leiar i Omega PS.
FOTO: OMEGA
Startar nytt selskap
Omega AS i Ølensvåg inngår samarbeid med eit svensk selskap, og saman har dei stifta HMSREG AS. Det nye selskapet skal levere tenester som skal bidra til mindre kriminalitet i arbeidslivet og rettferdig konkurranse innan bygg- og anleggsbransjen.
Det er Omega PS AS og svenske Inforbric AS som gjennom det felles eigde selskapet HMSREG AS skal levere system og tenester som tar mål av seg til å kunne effektivisere kvardagen for seriøse aktørar i bygg- og anleggsektoren.
— HMSREG AS har som formål å levere IT-løysingar som støttar FN sitt mål om varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.
Europeisk marknad