Tone Ekrene skal halda føredrag om helseutfordringar
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Startar kurs i livsendring
Tone Ekrene (53) startar i haust opp kurs i livsendring og livsmeistring for menneske som slit i kvardagen. — Det er lettare å førebyggja enn å behandla, så dette er for dei som ikkje har blitt sjuke enno, seier ho.
Psykisk helse har alltid vore ei sak Tone Ekrene har jobba for, og ho har lang erfaring innan emnet. No ønskjer ho å starta opp samtalegrupper for dei som kjenner at dei slit og kjenner at dei ikkje trivest i kvardagen.
— Det er så viktig å førebyggja, og i tillegg er det betre å førebyggja enn å behandla. Kurskveldane eg har planlagt seinare i haust er for dei som kjenner at dei bryggar» på noko, men som ikkje har gått på den mykje omtalte smellen enno, seier 53-åringen.
Stress og uro