Greta Nesheim Drange startar Studio Stue.
Renate Sævareid
Startar eige interiørstudio
Interiør handlar om meir enn pynt og trendar.
Det er utgangspunktet for Greta Nesheim Drange (35), som nyleg har
starta interiørstudioet Studio Stue. Ho er oppvaksen i Vats, og bur i dag i
Etne saman med mann og to barn. Målet med Studio Stue er å skapa rom som
faktisk fungerer i kvardagen – ikkje berre visuelt, men også praktisk og
mentalt.
Nesheim Drange fortel at mange merkar at dei
ikkje heilt trivst i eit rom, utan å vita kvifor. Ofte handlar det om lys,
akustikk, flyt eller materialval.
— Det er det kreative eg trivst best med,
seier ho.