Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

NAV Rogaland melder om stor etterspurnad etter arbeidskraft.Arkivfoto: Arne Frøkedal
NAV Rogaland melder om stor etterspurnad etter arbeidskraft.

Stadig betre arbeidsmarknad

Publisert Sist oppdatert

— Nedgangen i arbeidsløysa er i tråd med våre forventningar for hausten, seier direktør i NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen, i ei pressemelding fredag.

Totalt er 11.685 personar registrert som arbeidssøkjarar i fylket ved inngangen til september. Dette inkluderer heilt ledige, delvis ledige og arbeidssøkjarar på tiltak. Av desse er 6.719 eller 2,6 prosent av arbeidsstyrken, heilt ledige. Dette er 643 færre samanlikna med utgangen av juli månad. 3.821 personar eller 1,5 prosent er delvis uten jobb. Dei resterande 1.145 er personar som deltar i eit arbeidsrettatiltak gjennom NAV. Den samla nedgangen i ledigheita er på 449 personar den siste månaden.

Dei ferske tala viser at 2,6 prosent i fylket er heilt ledige. Vindafjord er blant dei mange kommunane som er i ein mykje betre situasjon. Her er 1,6 prosent av arbeidsstyrken heilt ledig. Det utgjer 79 personar mot 89 heilt ledige for éin månad sidan.

Powered by Labrador CMS