Fleire parti sniffar på sperregrensa før det nært kommande valet. Kven som kjem over og under til slutt, kan få stor betydning for kva regjering vi får dei neste fire åra, ifølgje valforskar Anders Todal Jenssen. Foto: NTNU
Fleire parti sniffar på sperregrensa før det nært kommande valet. Kven som kjem over og under til slutt, kan få stor betydning for kva regjering vi får dei neste fire åra, ifølgje valforskar Anders Todal Jenssen.

Sperregrensa kan avgjere regjeringsspørsmålet

Fleire parti vakar rundt sperregrensa før det nært kommande valet. Kven som kjem over og under til slutt, kan få stor betydning for kva regjering vi får dei neste fire åra, ifølgje valforskar.

Publisert Sist oppdatert
— Det kan ikkje utelukkast at det er kva for parti som kjem over og under sperregrensa, som blir avgjerande for kva regjering vi får etter valet, seier valforskar Anders Todal Jenssen til Nynorsk pressekontor.

Valforskaren er klar på at dette ikkje er ein situasjon han ønskjer.

— Eg håpar vi slepp det, fordi det vil bli eit valresultat som i sterk grad avspeglar måten valordninga vår er lagd opp på. Det er på mange måtar veldig uheldig. Vi bør ikkje ha ei valordning som på mange måtar dikterer valresultatet, seier valforskaren.

Fleire enn før på grensa

Sperregrensa har i ei årrekkje vekt debatt blant politikarar og andre. Status få dagar før stortingsvalet er at Venstre, KrF, MDG og Raudt ligg og vakar rundt sperregrensa.

— Det er fleire parti som vakar rundt sperregrensa i år enn ved tidlegare val. Det som har skjedd, er at MDG og Raudt har fått auka oppslutnad og har komme dit at dei akkurat kan klare sperregrensa, fortel Todal Jenssen.

Han peikar på at fleire parti rundt sperregrensa aukar graden av lotteri i norsk politikk.

— Ein kan seie det slik at det er to lotteri på gang. Eit på sentrum-høgre-sida i politikken og eit på sentrum-venstre. Når eit parti kan få seks fleire mandat ved å komme over grensa seier det seg sjølv at det gjer store utslag.

Taktisk stemming

For fire år sidan var det truleg fleire veljarar som stemte taktisk for å få Venstre over sperregrensa. Todal Jenssen trur vi vil sjå taktisk stemmegiving også i år, og peikar på at det finst to definisjonar av omgrepet taktisk stemming.

— Ein måte å definere det på, er at ein stemmer mot det føretrekte partiet sitt for å få nokon andre over. Den andre definisjonen er at folk har fleire parti dei kan tenkje seg å stemme på og endar opp med å stemme på det av sine føretrekte parti som ligg og vakar rundt sperregrensa.

Valforskaren peikar på at det har blitt meir vanleg å ha fleire moglege parti å stemme på.

— Det er slett ikkje uvanleg å ha fleire moglege parti å stemme på og så la taktisk element som sperregrensa avgjere kven ein til sjuande og sist vel. Då gjer ein ei taktisk vurdering og det er også taktisk stemming, seier valforskaren.

Store parti styrer

Om sperregrensa i Noreg skal halde fram med å liggje på fire prosent, har vore diskutert i ei årrekkje. Arbeidet med å revidere vallova går føre seg i desse dagar og om det får innverknad på sperregrensa er uklart. Todal Jensen meiner diskusjonen rundt sperregrensa blir brukt taktisk ut frå kva som gagnar dei større partia.

— I det siste har kanskje diskusjonen vore prega av at regjeringspartia er bekymra for Venstre og KrF. Dei har dreia diskusjonen i retning av å sette ned sperregrensa og det understrekar på mange måtar det taktiske ved dette. Partia har ein tendens til å ville smi reglane på ein måte som er gunstig for dei sjølve, seier valforskaren.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS