Torgdagane er blitt ein flott tradisjon i Skånevik, her eit glimt frå folkelivet 2018.FOTO: LIV ASTRID H. HESJEDAL
Torgdagane er blitt ein flott tradisjon i Skånevik, her eit glimt frå folkelivet 2018.

Spennande på scenen under Torgdagane

I helga går Skånevik sine årlege torgdagar av stabelen, med både gamaldags handelsmarknad, torgkonkurranse og underhaldning i diverse variantar på scenen.

Publisert Sist oppdatert

Karmøy-trioen Rags and Feathers er eitt av innslaga som er å sjå på scenen i Skånevik komande laurdag. Folkbandet har namnet sitt frå Leonard Cohen sin vakre song Suzanne» der tvillingane Kjersti og Rønnaug Tingelstad er feathers» og Oddbjørn Austevik er rags». Bandet starta opp i april 2016 og består av musikarar med solid erfaring. Rags and Feathers sin musikk er ektefølt og nær, og leitar seg fram til hjarta gjennom sjelfull melankoli og ein fengslande kontrast frå tvillingsøstrene sit sarte og klåre uttrykk, til Austevik si dunkle og rustne røyst. Ved bruk av gitar, banjo, fiolin og vakre harmoniar, ønskjer musikarane at musikken skapar gjenklang hos lyttarane.

Torgdag

Som alltid blir det utandørs marknad i sentrum av Skånevik, og i tillegg til mange salsboder vil det vera grill og matservering, lykkehjul, leikar for barn i doktorhagen, og det er høve til å sjå Skånevik gjennom Torgekspressen som går i rute gjennom sentrum deler av dagen. Om ein heller har lyst til å sjå Skånevik frå lufta, er det også høve til det. Då kan ein nytta seg av helikopterturane som tar det høgt til vêrs, og ein får berre håpa på at yr.no held det dei spår, nemleg at regnet ikkje skal koma før utpå laurdags ettermiddag.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS