Vi fyrer med ved når straumprisane går opp og temperaturane ned.
FOTO: NTB / NPK
Spår vedmangel i haust
– Vi merkar no at folk er urolege, mange har teke kontakt i mai/juni/juli om kjøp av ved, det har vi aldri hatt noko særleg av før. Derfor har vi no også opna for bestillingar for hausten. Vanlegvis har vi starta dette i august. Det kjem bestillingar kvar dag no, fortel Øystein Skjesol, dagleg leiar i Norsk Vedsentral til Nationen.
Norsk Vedsentral leverer ved til privatpersonar. Skeisol spår at importmarknaden vil kollapse til hausten, og trur ikkje at auka norsk produksjon vil dekkje etterspurnaden.
– Det er sannsynlegvis mange småprodusentar som har laga ved til sesongen i år. Det pleier å vere mange som blir inspirert av eit godt år slik det var i fjor. Det kjem neppe til å demme opp for at importmarknaden sannsynlegvis kollapsar i haust. Svært mykje av veden som har vorte importert som baltisk ved, har opphavet sitt i Russland og Belarus. Det er allereie svært vanskeleg å få tak i virke for produksjon i Latvia og Litauen, seier han.