Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Alfred Bjørlo (V) meiner næringslivet i distrikta kan juble for Sp-exit. Foto: Peder Skjelten / NPK
Alfred Bjørlo (V) meiner næringslivet i distrikta kan juble for Sp-exit.

Sp-exit: – Distriktsnæringslivet kan juble

Publisert Sist oppdatert
– For distriktsnæringslivet er det berre å sende flagget til topps og juble over at Sp ikkje får lov til å øydeleggje meir for distriktsnæringa, seier stortingspolitikar Alfred Bjørlo (V), også kjent som Distriktspsykopaten», til Nynorsk pressekontor.

Han meiner senterpartipolitikken hadde vore heilt øydeleggjande for næringslivet i rurale strøk viss ikkje Ap hadde sett hardt mot hardt.

– Næringslivet i distrikta er heilt avhengig av handel med Europa. Sp har stått for ei linje med full konflikt med dei nærmaste handelspartnarane våre i ei tid der Trump yppar til handelskrig, seier Bjørlo.

Usikker valkamp

Regjeringskrisa kjem òg til å få konsekvensar for den kommande valkampen.

Per no ser det ikkje ut til å vere noko truverdig regjeringsalternativ på raud-grøn side, ifølgje Bjørlo.

– Det er lite truleg at Senterpartiet ønskjer å gå til val på ei ny Sp/Ap-regjering. Det du kan få er at Sp blir eit nytt Raudt. Altså eit protestparti, som eigentleg ikkje ønskjer å sitje i regjering, men som ønskjer å påverke ved å stå utanfor og markere primærstandpunkt.

Han meiner Sp og Raudt er veldig like i partiprofilen no.

– Båe parti byggjer opp frykt for verda rundt, og har ein veldig nasjonalistisk retorikk der dei set Noreg først. Samstundes ønskjer dei ei regjering på raud/grøn-side. Sjølv om dei ikkje vil sitje i ho sjølv. Men akkurat korleis dette vil spele seg ut er vanskeleg å seie akkurat no, seier han.

Ny sentrumsregjering?

Historisk sett er både Senterpartiet og Venstre sentrumsparti og har ved fleire høve sete saman i regjering. Siste gong dei to partia styrte saman var i den første regjeringa til Kjell Magne Bondevik ved tusenårsskiftet.

Bjørlo ser ikkje for seg at det kan bli noko nytt regjeringssamarbeid med Senterpartiet med det første.

– Når vi ser på dei store spørsmåla i vår tid som dreier seg om meir eller mindre samarbeid med omverda er vi fundamentalt ulike. Det kan kanskje vere eit håp om at Sp støttar det som går på mindre skattlegging av norsk næringsliv, og at dei vil kutte særskattar på norsk næringsliv. Der opplever eg at dei eigentleg er ganske samde med oss, men har vore forplikta av å vere i ei regjering med Ap.

(NPK)

Powered by Labrador CMS