Sommardagar i Vikebygd
Solstrålene glitrar over den speglblanke fjorden, og gradestokken viser tydeleg kva årstid det er. I Vikebygd nyt både fastbuande og hyttegjester livet i sommarparadiset sitt.
— Eg skulle eigentleg vore på Kreta no, men det blei Costa del Vikebygd i staden. Eg høyrte det var like varmt i sjøen her som der, smiler Wenche Nesse Gjesdal.
Det er tidleg onsdag føremiddag. Sola skin, ein veldig svak bris ligg i lufta og termostaten i bilen viser 26 grader. Nede ved kaien i Vikebygd er det framleis roleg, og det yrande livet av badeglade ser ut til å utebli ei stund til. På fjorden kan ein skimte to raude kajakkar og ein grøn, liten båt som leikar seg i svingane. Inne ved ei av rorbuene sit Wenche Nesse Gjesdal og foreldra Kåre og Kirsten Nesse. Dei nyt sola som allereie har vore oppe nokre timar, og både lesestoff og strikketøyet er funne fram.
— Finaste plassen som er